Dette er et testmiljø. Informasjonen som vises her er ikke nødvendigvis riktig.

Gå til det ekte nettstedet til Helse Førde
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ungdomstilbod

Set kurs mot framtida - Meistring og sjølvstendigheit

Er du mellom 13 og 17 år og har lyst å bli betre til noko i kvardagen din?

en gutt med VR-briller

Saman med andre ungdommar kan du få tilbod om eit 3 dagars opphald på Habilitering for barn og unge (HABU) i Førde.

Saman med fagpersonar og foreldre får du hjelp til å finne dine eigne mål og finne tiltak som kan føre til små eller store endringar som du tykkjer er viktige i livet ditt. Du får lære om tema som kan vere bra å kunne som ungdom og ung vaksen, og bli kjent med andre i liknande situasjon som deg. Det blir tilbod om ulike aktivitetar i lag med dei andre ungdommane; treningar, VR-spel, samtalar og førelesingar. Om du ynskjer å bli testa opp mot målsetjinga di tilbyr vi testar på fysisk funksjon, styrke og andre områder.

Dei neste 6-10 vekene jobbar du med dine eigne mål heime saman med familie og hjelparar rundt deg. Deretter får de hjelp av fagpersonane på Habilitering for barn og unge (HABU) til å evaluere måla og motivere deg til å halde fram med det som har fungert godt.

Diagram som viser ein prosess
  • 3-dagarsopphaldet har opplegg frå kl. 9-15 på dagtid, og sosialt treff ein ettermiddag/kveld

  • Ein er i gruppe på 3-6 ungdommar

  • Innkvartering på pasienthotell i målsetningsopphaldet, om ein har behov for det

  • Ungdom i alderen 13 – 17 år som er eller kan bli motivert for å jobbe mot eit mål.
  • Det er aktuelt for deg om du har ei funksjonsnedsetting og hjelpetiltak i kommunen eller spesialisthelsetenesta.
  • Kognitiv funksjon i normalområdet eller lett psykisk utviklingshemming.

  • Forelder/foresatt som er motivert for å vere med på opphald og prosess.
  • Involvering av kontaktperson i kommune

Det er viktig at du finn eit mål som betyr noko for deg. Kan for eksempel vere innanfor desse områda:

  • Fysisk funksjon
  • Sjølvstendigheit / ADL
  • Sosial kompetanse
  • Kognitive strategiar/studieteknikk

Det er ingen deltakaravgift, og det kan søkjast om opplæringspengar.

  • Om du er tilknytt HABU kan du ta direkte kontakt med oss og melde di interesse.
  • Om du ikkje er har tilknytning til HABU kan du henvisast av fastlege. Er du usikker og ynskjer meir informasjon må du gjerne ta kontakt.

  • Vi ønsker at ungdommen skal få støtte i tiltaksperioden av ein person som er kjent frå før og er i heimemiljøet. Dette kan vere alle som er tilknytta ungdommen og vi ønsker at ungdommen skal velge sjølv kven ein inviterer med. Det kan vere personar på skule, i fritidsaktivitetar, SFO/avlastning eller innanfor helse.
  • For å støtte ungdommane i tiltaksperioden er det veldig individuelt kor mykje og korleis oppfølginga bør skje. Det skal vere mulig å få til i dei ressursane som allerede er tilknytta og på dei arenaene ein omgåast.
  • Vi er tilgjengelige for ønska samarbeid i tiltaksperioden.
  • Møtepunkt med forventa deltaking:
    • Førsamtale digitalt
    • Individuelt målmøte dag 3 i gruppeopphald, digital deltaking
    • Enkelte kontaktpunkt med HABU utifrå plan i tiltaksperioden
    • Evalueringsmøte ved avslutning tiltaksperiode

Kursdatoar 

Faste veker kvart år, veke 9 og 39.

Du finn påmeldingsinformasjon under "Kurs og grupper"

 

Sist oppdatert 28.03.2025