Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fysioterapi og førebygging

Fysioterapeuten sitt kunnskapsfelt er kropp, rørsle og funksjon. Klinisk fysioterapi er viktig både i den akutte fasen etter alvorleg sjukdom, ved kronisk sjukdom, før og etter operative inngrep, og i rehabiliteringsprosessen.

Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i medisinsk klinikk under avdeling for Samhandling og tverrprofesjonelle tenester. Seksjonen yter tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde Sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og til Seksjon for Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering med base i Førde og Florø. Seksjonen har 17,5 stillingar, inkludert tre fysioterapeutar i turnus. Fysioterapeutane får tilvist pasientar frå somatiske avdelingar og poliklinikk, og arbeider både individuelt og i tverrfaglege team.

Vi samarbeider med Lærings- og Meistringssenteret innafor fleire områder, og underviser for pasientar og pårørande. Aktuelle pasientgrupper er MS, hjerneslag, diabetes, KOLS, tinnitus og nyresvikt.
 

 

På somatiske avdelingar er fysioterapeutanes kompetanse viktig både i den akutte fasen etter alvorleg sjukdom, ved kronisk sjukdom i endring/forverring og operative inngrep, og for å starte rehabiliteringsprosessen så tidleg som mogleg. Poliklinisk arbeidar vi på ulike fagfelt som lungepoliklinikk, smertepoliklinikk, fysikalsk medisin og rehabilitering, skulderpoliklinikk og hjarterehabilitering. På poliklinikken arbeider vi i tverrfaglege team, men har også konsultasjonar individuelt.

 

Fysioterapeuten skal gjere ei kartlegging/vurdering av pasienten basert på ICF (Internasjonal klassifikasjon av funksjon, funksjonshemming og helse), der den einskilde si funksjonsevne i samspel med omgjevnadane står i fokus. I behandlinga nyttar fysioterapeuten forskjellige metodar, teknikkar og øvingar, samt informasjon og rettleiing. Pasienten si aktive deltaking i behandlinga er heilt sentral. Trening skal vere oppgåverelatert og motiverande og pasientane sine hovudutfordringar, målsetnader og interesser skal stå i fokus. Alle tiltak skal tilpassast kvar pasient.

 

Innan rehabilitering aukar problemstillingane til pasientane i omfang og kompleksitet. Fysioterapeutane si kompetanse blir heilt sentral for å vurdere samanheng mellom funksjonsproblem og bidra til tiltak og opptrening som kan styrke pasientens funksjonsnivå.

Målet er at pasienten kan utvikle, gjenvinne eller halde ved like funksjonsnivå, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eigen helse.

 

I det førebyggande arbeidet er det viktig med god informasjon, råd og rettleiing. Vi er opptatt av å ha eit godt samarbeid med kollegaer, pasientane og dei pårørande. Vi har og som mål å bidra til å førebygge re-innleggingar ved å styrke pasientane si evne og innsikt i eigen helse og vere betre rusta til å handtere sine eigne sjukdomar og utfordringar.
 

Fysioterapeutane har spesialfelt innanfor følgjande områder:

  • Nevrologi og nevrologisk rehabilitering
  • Hjarterehabilitering
  • Revmatologi og ortopedi
  • Lungefysioterapi
  • Eldremedisin
  • Palliativ fysioterapi
  • Motorisk testing av barn
  • Oppfølging av premature barn
  • Langvarige muskel- og skjelettplager
  • Lymfødembehandling
  • Behandling av inkontinens og langvarige smerter i bekken
     

Vi samarbeider med Høgskulen på Vestlandet. Kvart år tar vi imot studentar som kjem for 10 vekers praksis på dei somatiske avdelingane.


  • «Pust deg betre», eit prosjekt i regi av spesialfysioterapeut Elin Johnsen, der dei har utvikla ein applikasjon som skal hjelpe lungesjuke og fysioterapeutar i behandlinga. Den kan lastast ned frå App Store og Google Play. Du kan og finne meir informasjon på heimesida https://www.pustdegbedre.no/
  • Prosjektet «Førebygging av fallskadar og hoftebrot i Sogn og Fjordane» er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og kommunane Kinn og Luster. Prosjektet har som føremål å kartlegge årsaker til fall grundigare. I tillegg har prosjektet som mål å få meir kunnskap om korleis kommunar og sjukehus kan samarbeide for å redusere fallskadar, med hovudvekt på hoftebrot.
  • Prosjektet VR (virtuell røyndom) og bruk av VR-briller og spel i fysioterapi knytt til hjerneslagbehandling starta opp hausten 2020.
     
  • Jobbglidning – fysioterapeutane samarbeidar med ortopedane og har overtatt ein del oppgåver som ortopedane tidlegare har utført. Fysioterapeut utfører no kontroller og oppfølging av pasienter etter innsetting av hofteprotese. Vi har skulderpoliklinikk både på Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus, der vi hovudsakleg møter pasientar som kjem til postoperativ kontroll etter ulike skulderoperasjonar. Nokre pasientar kjem til fysioterapeut for vurdering av skuldersmerter i tett samarbeid med ortoped.

 

Våre samarbeidspartnarar utanfor sjukehuset er Ortopediteknikk AS og Blatchford Bergen (ortopediingeniører).

 

Ved seksjon for klinisk fysioterapi og førebygging set vi pasienten alltid først. Vi har fokus på fagutvikling og har god dialog internt og eksternt.
Vi har eit ungt miljø med den største samlinga av fysioterapeutar i heile Sogn og Fjordane-området.
Vi er framoverlente og her blir gode idéar løfta fram.
Vi tek vare på kvarandre og er kjent for å ha eit godt arbeidsmiljø.

 

Kontakt

Telefon