Behandlinga
Dersom de kjem fram til at tilbodet eignar seg for deg, kan du starte behandling samme dag. Du vil få tilsendt informasjon om innlogging, og du loggar deg inn på ebehandlinga med din BankID.
eBehandlinga er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Den viktigaste delen av behandlinga er å trene på øvingane du får. Øvingane skjer ikkje inne i det digitale programmet, men er oppgåver du skal trene på i kvardagen din.
Behandlinga for depresjon inneheld:
- informasjon om depresjon
- korleis komme igang med nye rutinar i kvardagen
- korleis handtere negative tankar
- utfordringar med å kome igang med nye rutinar
- om angst
- korleis handtere stress i livet
- om einsemd og sjølvkjensle
- Korleis vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida
Skriftleg tilbakemelding
I eBehandling arbeider du saman med behandlaren din via tekst. Det betyr at du skriv ned korleis det har gått med ulike øvingar og sender dine refleksjonar og spørsmål til behandlaren din. Behandlaren les gjennom og sender deg tilbakemelding og rettleier deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølginga frå behandlaren skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelege situasjonar, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løysingar som passar din situasjon.
Behandlaren vil også hjelpe deg med å skape framgang i arbeidet og utforske korleis du møter kvardagen din. Dette kan innebere at du får konstruktive tilbakemeldinger om korleis du kan møte vanskane dine på nye måtar, slik at du kan få endå meir ut av øvingane og sikrar at du får mest mogleg ut av behandlinga.
Samarbeid med din behandlar
Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom skriftlege meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren når det passar for deg – til dømes om korleis det har gått med øvingane, kva du har tenkt på, og du kan stille spørsmål.
Behandlaren din vil lese det du skriv, gje deg tilbakemeldingar, og støtte deg i arbeidet med behandlinga. Målet er at de saman jobbar mot det som er viktig for deg, og at du får hjelp til å nå dine mål.
Ta med dine næraste
Det kan vere til god hjelp for deg å fortelje, og gjerne vise dine næraste, kva du arbeider med i behandlinga. Vår erfaring er at dei som lar pårørande eller ein nær ven ta del behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane.