eBehandling
I eBehandling får du tilgang til eit kunnskapsbasert behandlingsprogram via PC, nettbrett eller mobil, samstundes som du blir følgt opp av ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Dette er ei form for internettbehandling med fagleg rettleiing.
Les meir om eBehandling på helsenorge.no
Innhaldet i eBehandling for panikkliding
Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi, ei terapiform som fokuserer på korleis kroppslege reaksjonar, tankar og handlingar påverkar korleis vi har det. Målet er å gi deg innsikt i kva som bidrar til panikkanfalla, og korleis du kan meistre angsten. Du lærer korleis du kan gjere eksponering mest mogleg effektivt. Du lærerogså korleis du kan kjenne igjen og endre handlingar og tankemønster som opprettheld angsten.
Innhaldet i eBehandling er mykje av det same som du får ved behandling av panikkliding ansikt til ansikt. Forsking viser at denne typen behandling kan vere like effektiv.
Tilvising og vurdering
Korleis få tilod om eBehandling for panikkliding?
- Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ønskjer vi at du søker i samråd med behandlaren din.
- Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv i tilvisinga at du ønsker eBehandling. Andre legar eller psykologar kan òg tilvise.
I nokre delar av Noreg kan du søkje om eBehandling via Helsenorge (scroll ned til nederst på siden).
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjordt, kva som skjer vidare, og om rettane dine.
For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:
Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.