Behandlinga
Dersom de kjem fram til at tilbodet eignar seg for deg, kan du starte behandlinga samme dag. Du vil få tilsendt informasjon om innlogging, og du loggar deg på behandlinga med din BankID.
eBehandling er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Den viktigaste delen av behandlinga er å trene på øvingane du får. Øvingane skjer ikkje inne i det digitale programmet, men er oppgåver du skal trene på i kvardagen din.
Behandlinga for sosial angst inneheld:
- informasjon om sosial fobi.
- ein modell for sosial fobi og eksponering for kroppslege reaksjonar.
- eksponering for sosiale situasjonar.
- korleis gjere eksponeringa mest mogleg effektiv.
- meir om eksponering.
- å handtere vanskar som kan oppstå ved eksponering, og aksept.
- handtering av tilbakesteg.
- korleis vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida.
Samarbeid med din eBehandlar
Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom skriftlege meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren når det passar for deg – til dømes om korleis det har gått med øvingane, kva du har tenkt på, og stille spørsmål.
Behandlaren din vil lese det du skriv, gi deg tilbakemeldingar, og støtte deg i arbeidet med behandlinga. Målet er at de saman jobbar mot det som er viktig for deg, og at du får hjelp til å nå dine mål.
Ta med dine næraste
Det kan vere til god hjelp for deg å fortelje, og gjerne vise dine næraste, kva du arbeider med i behandlinga.
Vår erfaring viser at dei som lar pårørande eller ein nær ven ta del i behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane.