We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Medisinsk heimebehandling

Medisinsk heimebehandling, m.a. ved bruk av behandlingshjelpemiddel, er ein del av behandlingskjeda innanfor spesialisthelsetenesta.

I større grad enn tidlegare er det no opna for at spesialisert medisinsk behandling kan skje utanfor sjukehuset, mellom anna i heimen til pasientane, på skule og i barnehage og kommunale institusjonar.

Seksjon for Medisinsk heimebehandling – med 10 tilsette - har som hovudoppgåve å koordinere det som må gjennomførast for å få iverksett medisinsk heimebehandling på ein trygg måte - basert på initiativ teken av legespesialist.

Våre hovudoppgåver omfattar m.a. :

  • oppretting av utstyr/varelister basert på søknad frå spesialist, og iverksetting av heimebehandlingstiltak i samråd med rekvirerande avdeling
  • koordinerande dialog med helsepersonell i og utanfor helseføretaket
  • dialog med pasient og pårørande for planlegging av heimebehandlinga
  • oppfølging av heimebehandlingstiltak når det er trong for det, via vårt ambulante team

Heimebasert behandling er eit område i raskt vekst, og ein reknar med auke i trongen for desse tenestene på mellom 10–15 % årleg.

Om lag 6500 menneske i Helse Førde sitt driftsområde (Sogn og Fjordane) får i dag medisinsk heimebehandling. Med tanke på at både pårørande og helsepersonell direkte eller indirekte er involvert i behandlinga, yter vi etter måten tenester til ein stor del av befolkninga i fylket.

Medisinsk heimebehandling kan omfatte dialysebehandling, heimerespiratorbehandling, behandling av søvnapné, langtids oksygenbehandling, behandling av diabetes m.m.

For utfyllande liste over etablerte heimebehandlingstiltak, sjå våre heimesider:

Meir informasjon om ordninga, tenesta og utstyret på medhb.no

Søknadsskjema for oppstart av medisinsk heimebehandling

- for utfylling av spesialist.

 

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Tefrevegen 45, 6812 Førde.

Telefon:  948 05 344
Vi er tilgjengelege alle kvardagar mellom kl. 09:00 - 14:00