Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Skjermbilde rekvisisjonsskjema

Rekvisisjonsskjema

Rett utfylling av rekvisisjonsskjema og merking av prøvane er ein føresetnad for at prøvar skal kunne bli analyserte og vurderte. Alle prøvar skal ha tilhøyrande rekvisisjon.

Elektronisk rekvirering bør nyttast der det er tilgjengeleg.

Rekvisisjonsskjema

Krav til utfylling av rekvisisjonsskjema

Alle prøvar som blir levert til laboratoria skal ha tilhøyrande rekvisisjon.

​​​​​For at prøven skal få ei sikker og korrekt behandling, må følgjande påførast:

  • ​Pasienten sitt namn og fødselsnummer (11 siffer)
  • Pasienten sitt postnummer og poststad
  • Dato og klokkeslett for prøvetaking
  • Rekvirenten sitt namn og adresse, helst med føretakskode og legekode/helsepersonellnr.  

Det er viktig at rekvirerte analysar blir kryssa av nøyaktig i skjemaruta då enkelte rekvisisjonar blir lesne optisk.

I tillegg ønskjer vi at du oppgir kven som skal betale for analysane (Poliklinikk/Helfo, institusjon, bedrift eller andre).

Kliniske opplysingar av betyding for laboratoriet si vurdering av analyseresultata må vere påført.
For prøvar til bakteriologisk dyrking må rekvisisjonen innehalde informasjon om pasienten får antibakteriell behandling. Det skal alltid opplysast om lokalisasjon for prøvetaking av prøvar til bakteriologisk dyrking. 

Ved mistanke om eller kjent blodsmitte (hepatitt eller HIV), skal rekvisisjon merkast.

Tilleggsrekvirering

Det kan vere aktuelt for laboratoriet å tilleggsrekvirere analysar på bakgrunn av kliniske problemstillingar på innsendt prøvemateriale. Rekvirentar kan reservere seg mot denne tilleggsrekvireringa ved å kontakte leiinga på laboratoriet, krysse av på rekvisisjonsskjema der det er mogleg eller opplyse om dette i kliniske opplysingar.​

Rekvirenten kan tilleggsrekvirere analysar på allereie innsendt prøvemateriale dersom det er innafor haldbarheitstida. Etterbestillingar kan gjerast elektronisk dersom prøva er bestilt via IHR eller Dips.

Bestilling av rekvisisjonsskjema

Enkelte av våre rekvisisjonsskjema kan bestillast frå Labanalysar i Helse Førde.

 

Sist oppdatert 29.04.2024