Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Et nærbilde av hundens ansikt

Patologi laboratorium

Patologi er læra om sjukdommane sine årsaker, utviklingsmekanismar og verknad på funksjonar  og struktur Avdeling for patologi er ei avdeling for diagnostikk av vevs- og celleprøvar (histologisk, cytologisk og molekylærbiologisk undersøking). Vi utfører diagnostikk og medisinske obduksjonar for Helse Førde og for primærhelsetenesta i Sogn og Fjordane.

Arbeidet ved laboratoriet vårt er i første rekke knytta til kreftdiagnostikk. Prøvesvara kan seie noko om pasienten har kreft eller ein godarta tilstand, kva for type kreft pasienten eventuelt har, og kva for behandling han/ho i så fall bør få. Ikkje minst har det dei siste åra vore ein stor auke i analysar som bestemmer bruken av nye, målretta medikament i behandlinga av visse typar svulstar. Det diagnostiske arbeidet som utførast på avdelinga inkluderer eit breitt spekter av andre sjukdomstilstandar.

Våre fagområde:

Histologi

Histologi betyr vevslære. Histologiske prøvar (biopsiar) er vevsprøvar som vert fikserte i formalin for å bevare vevet best mogeleg.
På laboratoriet blir histologiske prøvar undersøkte makroskopisk (undersøkt med fingrar og auge). Deretter vert dei preparerte gjennom fiksering og innstøyping i blokker. Frå blokkene vert det skore tynne snitt frå prøven. Snitta plasserast på objektglas og analyserast med ulike fargeteknikkar, før patologar undersøker dei i mikroskop for å stille diagnose. Avdeling for patologi undersøker omlag 11 000 histologiprøvar i året.

Cytologi

Cytologi er læra om cellene. Celleprøvar vert som oftast tatt av spesialistar og leverte direkte til laboratoriet. På laboratoriet vert prøvane registrerte før celler  festast til objektglas og fargast med ulike teknikkar. Så undersøker patolog dei i mikroskop for å stille diagnose. Avdelinga undersøker omlag 2000 cytologiprøvar i året.

Molekylærpatologi

Molekylærpatologi er læra om sjukdom stadfesta ved undersøking av molekyl i organ, vev eller kroppsvæske. På laboratoriet for molekylærpatologi vert det nytta arvestoffbaserte (DNA) teknikkar, for å diagnostisere sjukdom. Små mengder arvestoff vert isolerte frå vevsprøvar eller celleprøvar. Vi kopierer opp det området av DNA som er interessant, deretter vert dette undersøkt for særskilde genetiske karakteristikkar knytt til ulike maligne tilstandar. Det utførast omlag 4000 analysar innan molekylærpatologi i året.

Obduksjon

Obduksjon (autopsi) er utvendig og innvendig undersøking av kroppen etter døden,  for å fastslå dødsårsaka og ev. sjukdomsforløp. På avdelinga utførast medisinske obduksjonar. Alle ytre skader og forandringar vert beskrivne. Deretter undersøkast dei indre organa, og det vert tatt vevsprøvar til mikroskopering, samt ev. vevsvæsker for ulike analysar. På avdelinga vert det utført mellom 40 og 50 obduksjonar i året.

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag 08.00-15.00

Postadresse

Helse Førde
Avdeling for patologi
Postboks 1000
6807 Førde

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 2. etasje (nybygget) ved Førde sentralsjukehus. Tilkomst frå hovudinngang er gjennom poliklinikkane og opp heis til 2. etg ved radiologisk poliklinikk.

Praktisk informasjon