Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering

Vi arbeider ut frå ei heilskapleg tilnærming der vi legg til grunn at både fysiske, psykiske og sosiale faktorar heng saman og kan påvirke kvarandre gjensidig, både i kvardags- og arbeidsliv.

Dei tilsette i avdelinga er i hovudsak lokalisert ved Førde Sentralsjukehus, men vi har og fagpersonar ved føretaket sine lokasjonar i Lærdal, Nordfjordeid og Florø. Her er nokre av våre mange tilbod:

 

Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering har fleire roller og målgrupper knytt til behandling, rehabilitering og meistring av kronisk sjukdom.

I samarbeid med pasientar, pårørande, organisasjonar, kommunar og helseføretaket bidrar vi med praktisk støtte og kompetanse i opplæring om helsefremmande åtferd og korleis ein best kan leve med kronisk sjukdom.

I våre to poliklinikkar gir vi behandling og støtte til pasientar som har, eller står i fare for å utvikle, kroniske smerter og nedsett funksjon.


Lærings- og meistringssenteret

Fysikalsk medisin og rehabilitering

Smertepoliklinikk

Klinisk fysioterapi og førebygging sitt kunnskapsfelt er kropp, rørsle og funksjon. Klinisk fysioterapi er viktig både i den akutte fasen etter alvorleg sjukdom, ved kronisk sjukdom, før og etter operative inngrep, og i rehabiliteringsprosessen.

 

Avdeling for klinisk fysioterapi og førebygging

Ergoterapi og velferdsteknologi yter tenester til pasientar i dei fleste somatiske poliklinikkar og døgnpostar ved alle sjukehusa i Hele Førde. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til å vurdere og behandle pasientar som opplever utfordringar knytt til aktivitet i kvardagen.

 

Avdeling for ergoterapi og velferdsteknologi

Medisinsk heimebehandling har som hovudoppgåve å koordinere oppgåvene som må gjennomførast for å få iverksett heimebaserte spesialisthelsetenester.

 

Avdeling for medisinsk heimebehandling