Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank

Våre hovudoppgåver er prøvetaking og analyser av prøver av pasientar på sjukehusa våre og mottekne prøver frå kommunehelsetenesta. Vi lagar og utleverer nødvendige blodkomponentar til pasientar som har trong for blodtransfusjon.

Vi er ei diagnostisk avdeling som inneheld laboratoriespesialitetande medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin. Avdelinga leverer laboratorietenester til avdelingar og poliklinikkar i Helse Førde, og til dei kommunale helsetenestene i Sogn og Fjordane. Avdelinga har seksjonar på Førde, Lærdal og Nordfjord sjukehus. Blodgjevarar kan donere blod på sjukehusa, og ved Sunnfjord Medisinske Senter i Florø.   

For opningstider og meir informasjon sjå her

For interne rekvirentar på sjukehusa: 

Bruk lenka InterInfo-Blodbank frå Dips for å rekvirere blodkomponentar eller plasmaderiverte legemidlar. Prosedyre for bestilling i InterInfo. Dersom InterInfo ikkje er tilgjengeleg, bruk papirrekvisisjon for bestilling. 

Her finn du manuell rekvisisjon for bestilling av blodprodukt

Prøver frå  pasientar på avdelingar ve​​d sjukehusa:

Prøver som er tatt på sengepost blir analysert fortløpande, og svar blir overført til DIPS journalsystem når dei er klare. Normalt vil prøver som er tatt på morgonrunde vere ferdig analyserte kl 10:30 på kvardagar. I helg og høgtidsdagar må ein pårekne noko lenger svartid.  For prøver tatt på andre prøvetakingsrunder, vil svar normalt vere klare innan 2 timar.

ØH prøver vil som regel vere ferdig analyserte innan 2 timar.

For trombolysepasientar, traumepasientar etc  er det etablert spesielle hasterutinar

Prøver frå polikliniske pasi​​​entar på sjukehusa

Prøver som blir tatt av pasientar på prøvetakingspoliklinikk blir analyserte fortløpande. Normal svartid vil variere mellom 1-4 timar, avhengig av kva analysar som er rekvirerte og kor stor aktivitet det er ved laboratoriet.

For pasientar som skal til cytostatikabehandling/infusjonspoliklinikk vil prøvane bli prioriterte og det er lagt opp til raskare svartider. 

Prøver frå prim​​ærhelsetenesta

Prøver blir registrert og analysert etter kvart som dei blir mottatt: Svar på dei fleste analysane er klare same eller påfølgjande dag etter at prøven er mottatt

Generel​​​t

Alle prøvesvar ligg i elektronisk journal når dei er klare. Å gi ut prøvesvar på telefon er ein ressurskrevjande og usikker måte å rapportere på, og skal berre nyttast unntaksvis på medisinske indikasjonar.

LMBB har ut frå medisinske vurderingar utarbeidd «ringegrenser» ved sterkt patologiske svar. Sterkt patologiske svar blir ringt til rekvirent.

LMBB gir som hovudregel ikkje ut prøvesvar direkte til pasientar. Prøvesvar skal formidlast av pasienten sin lege.

Det er utarbeidd ​retningslinjer for innkjøp og implementering av pasientnært utstyr (PNA) til laboratorietestar  i Helse Førde. Prosedyren skal sikre god kvalitet og riktig ressursbruk ved bruk av PNA-utstyr.  

Prosedyren gjeld for alle avdelingar og for helsepersonell i Helse Førde som skal nytte seg av PNA-utstyr. 

Pasientnært analyseutstyr (PNA) i Helse Førde 

 

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, LMBB, postboks 1000, 6807 Førde.