Dette er et testmiljø. Informasjonen som vises her er ikke nødvendigvis riktig.

Gå til det ekte nettstedet til Helse Førde
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Sju kvitkledde legar som står samla utanfor sentralblokka

Jobb med oss i Helse Førde

Vi er alltid på jakt etter dyktige medarbeidarar med ulik bakgrunn. I Helse Førde møter du mange spennande fagmiljø. Omkring oss har vi flott natur og gode lokalsamfunn.

​Helse Førde er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane med om lag 3000 tilsette.

Vi har rundt 180 ulike yrkesgrupper som samarbeider om å behandle pasientar og drive av sjukehusa. Når du høyrer sjukehus er det lett å tenke legar og sjukepleiarar. Det er rett, men vi har ôg portørar, reinhaldarar, kokkar, ambulansearbeidarar, økonomar, helsefagarbeidarar, terapeutar, psykologar og ei skare av ingeniører frå mange fagområde. Berre for å nemne nokre.

Finn ledige stillingar

Helse Førde nyttar rekrutteringssystemet Webcruiter.

Legg inn CV'en din

Gå inn på ei stillingsutlysing og finn innlogging for å skrive din CV. For å skrive CV, må du opprette ein brukar-ID (epostadresse/passord).
Har du først oppretta ein brukar i vår stillingsportal kan du søkje alle ledige stillingar i Helse Førde.

Helse Førde skal så langt som mogleg spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere kvalifiserte personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Faste tilsette i Helse Førde, som er blitt omplasserte, har fortrinnsrett til stillingar dei er kvalifiserte for.

 

Sist oppdatert 20.05.2025