Dette er et testmiljø. Informasjonen som vises her er ikke nødvendigvis riktig.

Gå til det ekte nettstedet til Helse Førde
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et rødt hus i snøen

Velferdstilbod

Som tilsett i Helse Førde får du tilgang på ein rekke velferdstilbod og rabattar på tenester i området vårt.

Føretaksleiinga i Helse Førde har vedtatt at det skal setjast av velferdsmidlar i budsjettet kvart år til bruk for våre medarbeidarar. Velferdsmidlane skal komme medarbeidarane til gode gjennom vedtak i arbeidsmiljø utval på klinikk- eller føretaksnivå.

Velferdsmidlar er tenkt nytta til enten konkrete investeringar / drift som kan komme ansatte til gode (eks. hytter eller båt) eller til konkrete arrangement som mange kan delta på (eks. stafett, fjelltur, blåtur, julebord, sommarfest).

I skrivande stund har vi desse faste velferdstilboda:

  • Personalhytte på Filefjell
  • Biltilhengarar for tilsette
  • Båt til utlån for tilsette i Nordfjord
  • Saltrening på PULS i regi Helse Førde
 
I tillegg får alle tilsette rabatt på:

  • ​Treningstilbod på Spenst
  • Leigebil frå Avis
  • Kulturtilbod frå Teater Vestland
​​

I KLP, som alle tilsette er medlem i, får du lån med medlemsfordelar.
 
Helse Førde har også eit eige bedriftsidrettslag som arrangerer ulike aktivitetar.

 

 

Sist oppdatert 21.01.2025